Når du er i kontakt med oss som pasient, eller på annan måte, vil Sunnfjord Tannhelse AS handsame personopplysningar om deg. Nedanfor finn du difor informasjon om kva personopplysningar vi samlar inn, kvifor vi gjer det, og kva rettar du har i samband med handsaminga av desse opplysningane.
Behandlingsansvarleg for personopplysningane vi handsamar er Sunnfjord Tannhelse AS.
Du kan kontakte oss på følgjande måtar:
Adresse: Naustdalsvegen 1b, 6800 Førde
E-post: post@sunnfjordtannhelse.no
Telefon: 57 82 65 59
Organisasjonsnummer: 933690733
Dersom du har spørsmål om korleis vi handsamar personopplysningane dine, kan du kontakte oss via opplysningane ovanfor.
Kvifor samlar vi inn personopplysningar, og kva slags informasjon samlar vi inn?
Vi samlar inn og brukar personopplysningane dine til ulike føremål, avhengig av kven du er og korleis vi kjem i kontakt med deg. Vi samlar inn følgjande opplysningar til desse føremåla:
I samband med pasientbehandling: Vi opprettar journal i vårt elektroniske journalsystem. Denne handsaminga skjer på grunnlag av avtale med pasienten, og i tråd med pliktene vi har i samsvar med helselovgivinga, til dømes helsepersonellova, pasientjournallova og pasient- og brukarrettslova.
For å svare på førespurnader: Namn, telefonnummer, e-postadresse og andre opplysningar som kan følgje av førespurnaden. Handsaminga skjer på grunnlag av ei interesseavveging – vi har vurdert det slik at dette er nødvendig for å kunne hjelpe deg.
Bruk av nettsider og informasjonskapslar (cookies): Vi samlar inn informasjon for å tilpasse nettsida til brukarane våre. Vi handsamar desse opplysningane på grunnlag av ei interesseavveging. Dataen blir berre brukt til statistikk, og det er ikkje mogleg å identifisere enkeltpersonar i denne statistikken.
Utlevering av personopplysningar til andre
Vi gir ikkje personopplysningane dine vidare til andre med mindre det finst eit rettsleg grunnlag for det. Dette kan til dømes vere:
Avtale med deg, til dømes ved tilvising til spesialist eller krav om refusjon frå Helfo.
Lovpålagde plikter.
Vi nyttar i enkelte tilfelle databehandlarar som samlar inn, lagrar eller på annan måte handsamar personopplysningar for oss. Vi har då inngått databehandlaravtalar som sikrar informasjonstryggleiken.
Vi nyttar følgjande databehandlarar i dag:
Internt: Tannlegar, tannpleiarar, tannhelsesekretærar og administrativt tilsette i Sunnfjord Tannhelse. Desse har tilgang til person- og helseopplysningar, men berre når det er naudsynt – til dømes ved konsultasjon med kollegaer, kontakt med deg som pasient, fakturering eller behandling. Berre dei som yter helsehjelp har lovleg tilgang.
Eksterne leverandørar:
Opus Dental: Elektronisk journalsystem. Her blir person- og helseopplysningar lagra. Opus nyttar også underleverandørar for betalingsløysingar og røntgentilknyting.
HELFO: Her blir nødvendige opplysningar delt for å sikre dine rettar til stønad.
Tannteknikarar, tilvisande instansar og fastlegar: Informasjon blir delt berre med ditt samtykke og etter at du er informert.
All handsaming av personopplysningar skjer innanfor EU/EØS-området.
Lagringstid
Helseopplysningar skal oppbevarast så lenge det er naudsynt ut frå karakteren på helsehjelpa. Når dei ikkje lenger trengst, og ikkje skal bevarast etter arkivlova eller anna lovgiving, skal dei slettast, jf. pasientjournallova § 25. Sjå òg helsepersonellova § 43 og journalforskrifta § 14.
Personopplysningar som er gitt med samtykke, vil bli sletta dersom samtykket blir trekt tilbake. Dersom vi handsamar opplysningane på grunnlag av ein avtale, slettar vi dei når avtalen er oppfylt, med mindre anna følgjer av helselovgivinga.
Dine rettar når vi handsamar personopplysningar om deg
Som pasient har du rett til innsyn eller kopi av journalen, jf. pasient- og brukarrettslova § 5-1. Det finst eigne reglar om retting eller endring av journalen i helsepersonellova §§ 42–44 og journalforskrifta § 14.
Du har òg rett til:
Innsyn i opplysningar
Retting eller sletting
Behandling med avgrensing
Å gjere innvendingar mot handsaming
Dataportabilitet
Du kan lese meir om desse rettane på www.datatilsynet.no.
For å ta i bruk rettane dine, kontakt oss via kontaktinformasjonen over. Vi svarar deg så raskt som mogleg, og seinast innan 30 dagar.
Vi kan be deg stadfeste identiteten din eller opplyse meir, for å sikre at vi berre gir tilgang til opplysningane til deg, og ikkje til nokon som gir seg ut for å vere deg.
Du kan når som helst trekkje tilbake samtykke til handsaming av dine opplysningar. Den enklaste måten å gjere dette på er å ta kontakt med oss.
Klager
Dersom du meiner at vi ikkje handsamar personopplysningane dine i samsvar med det vi har skrive her, eller bryt personvernreglane på annan måte, kan du sende klage til Datatilsynet. Vi oppmodar deg til å kontakte oss først, for å sjå om det er noko som kan oppklarast.
Du finn informasjon om korleis du klagar på www.datatilsynet.no.
Endringar
Dersom vi endrar tenestene våre eller det kjem nye reglar om personvern, kan det føre til at denne informasjonen må oppdaterast. Dersom vi har kontaktinformasjonen din, vil vi varsle deg. Elles vil oppdatert informasjon alltid vere tilgjengeleg på nettsida vår.